Tuesday, 9 June 2009

Presidenten


Eg har akkurat fulgt President Zuma sin tale i Parlamentet, der han svara på kritikk som har kome etter hans tale til nasjonen forrige onsdag. Det er herleg å sjå at Presidenten engasjerar seg i slik debatt, sjølv om det kan diskuterast kor matnyttige mange av svara hans var (det gjeld vel dei fleste politikarar).

Og JZ, som han ofte blir kalla, er ein raring. Eg må flire av dei klønete tale-eigenskapane hans, den uformelle latteren og dei morosamme kommentarane. Jammen dansa dei og sang
Shosholoza i Parlamentet når ein FIFA-fyr (med ein sjukt herleg fransk aksent) kom inn for å overrekke pokalen og den offisielle fotballen til Fotball-VM, som finn stad her i Sør-Afrika i 2010. Zuma måtte òg leike litt med fotballen; han hoppa rundt i Parlamentet og triksa. Han sa at no treng vi ikkje å ha VM, for pokalen er i Sør-Afrika og her skal den bli! Fantastisk! Då tenkjer eg på dei tørre politikarane vi har i Noreg, kor uber-formelt og skikkelig alt er. JA til meir humor, dans, sang og fotball i Stortinget!

Det har vore mykje blest rundt Jacob Zuma dei siste åra og spørsmål har blitt stilla kring den nye presidenten sin politiske og moralske legitimitet. Ein kan ikkje akkurat seie at det har vore fokus på dei politiske merittane hans; Zuma har nemleg vore medlem av ANC sidan 1959, han satt 10 år i fangenskap på Robben Island saman med Mandela, og han spelte ei viktig rolle i meglinga mellom partar i Sør-Afrika tidleg på 1990-talet. Zuma var og ein sentral fasilitør i fredsmeglinga i Burundi, og han var vise-president i Sør-Afrika frå 1999-2005. Det tippa eg at du ikkje visste. Det politiske livet hans har vore totalt overskygga i media av anklagar om sex- og korrupsjonsskandaler, særleg i vesten, men òg her.

9. mai vart altså Jacob Zuma innsatt som Sør-Afrika sin fjerde demokratiske valgte president, og endeleg får vi sjå politikaren Zuma i aksjon! Som alle andre presidentar har han tilhengjarar og motstandarar. Zuma er sett som ein folkets mann, inkluderande og noko populistisk i sin politikk. Om det blir store endringar å sjå er lite truleg. Men den nye regjeringa har oppretta ein nasjonal planleggingskomite for å sikre ein meir effektiv og samkøyrd politikk blant dei ulike departementa.

Det blir spanande å sjå kva den nye regjeringa får til, trass i mykje pessimisme om Sør-Afrika si politiske utvikling. Etter Mandela har det berre gått nedover, seier folk. Ja, på mange måtar skal det nok mykje til for å overgå Mandela. Samstundes står Sør-Afrika ovanfor heilt andre utfordringar enn i tida rundt frigjeringa. Utfordringane no er mykje eit produkt av politikken som har blitt ført sidan 1994, men sjølvsagt gjallar gjenklangen av apartheid og 300 år med undertrykking i gangane. Det er mykje å ta tak i, og eg håpar JZ kan bevise at han er ein bedre politikar og leiar, enn eit mannleg moralsk forbilde - for der har han stroke i alle fag!


Ein kompis av meg kommenterte debatten som foregikk idag på ein fantastisk måte:

I am at loss for words - its beautiful that we have a prez[ident]
who is one
of the people and not sitting in his ivory tower.
almost brings tears to my eyes,

or that could just be the dust thrown up
as his convoy of
high-end german vehicles passing me by
as I sell my body for bread...



Åh, no syng dei inn til bøn i Bo-Kaap, det muslimske området her i Cape Town. Sangen straumar hit til meg i Gardens - vakkert! No skal eg ut å gå ved havet. Cape Town, Je t'aime!

og HIPP-HIPP HURRA FOR
LILLESØSTER INGVILD
som blir 20 år idag!!
♥


No comments: