Sjølv om eg studerar krig og fred og sånt, så reflekterar dei teoretiske og ideologiske debattane i studia mine verda på mange måtar. Den kunnskapen eg har tilegna meg dei siste åra, spesielt kritisk teori (som i og for seg er sosial teori med fokus på rettferd og endring), grublar eg mykje på i relasjon til dagleglivet, sosiale dynamikkar, og ikkje minst global og lokal ulikheit og urettferd.
Å bu i eit land som Sør-Afrika, og spesielt i ein by som Cape Town, så segregert, og med så sinnsvake ulikheiter, gjer verkeleg noko med deg (eller om ein ikkje taklar det ,så stenger ein alt anna enn dyre restaurantar og ein fancy hyper-materialistisk livsstil ute og blir ein ignorant dust, som diverre mange her er). Ein sett meir pris på dei små tinga, ser kor lite materalistiske ting (overflødige) faktisk betyr, og kor ufatteleg viktig det er å ha ein trygg kvardag med vener og familie rundt ein. Den sterkaste effekta Cape Town har på meg, er at eg føler meg så priviligert, og så audmjuk.
Vi lever dessverre alle i ein tidsalder der "liberalisme", "fridom", "valgfridom", "sjølvrealisering" og "ambisjonar" er mykje viktigare enn felleskap og likheit. På mange måtar er eg stolt av historia til landet mitt; Noregs kvinner og menn har klart å bygge ein flott nasjon basert på sosialistiske verdiar. Men eg er bekymra for sosialdemokratiet vårt, og eg ser korleis vi, saman med resten av verda, blir sakte slukt inn i liberalismens fristelse. Utviklinga er svært uheldig. Eg opplever det som om alt vi har er teke for gitt, at ein mentalitet har utvikla seg, som seier at "slik vi har det no vil det jo alltid vere og slik har det alltid vore". Samfunnet har liksom gått av hengslane, føler eg.
At mine medborgarar gir si stemme til eit parti grunna i eit par enkeltsaker, seier noko om at her er det noko som ikkje stemmer. Eg trur det er uhyre viktig å sjå politikken i ein større strukturell kontekst. Å verkeleg tenkje over kva konsekvensar ulike typar politikk vil føre til på lang sikt. Det kan nok følast freistande å ha tilgang til fancy private sjukehus, private skular, lågare skatt, billegare bensin og alkohol. "La markedet styre, det regulerar seg sjølv".
Men eg trur, at dersom vi alle vil ha eit samfunn basert på likheit, på like moglegheiter (det er jo det som er eit privilegium!) og ikkje eit egoistisk samfunn, der ingen bryr seg om konsekvensane av eigne valg og ønskjer, og med stor forskjell mellom fattig og rik, ja, då bør vi sjå vestover og bli skremde! Ta ein titt på det oh-store Amerika. Liberalismens krybbe. "Fridomens" krybbe. "Menneskerettighets- og demokratiets" krybbe. Ta ein titt under overflata av Hollywood, (skitdårlig) Starbuckskaffe og "the American dream". Og ein vil sjå ei heilt anna verkelegheit. Kva konsekvensar vil eit samfunn kjenne på kroppen om vi slepp opp på vår semi-sosialistiske politikk? Eg tør ikkje ein gong tenke på det! Vi er jo innprenta til å tru at liberalismen sin tidsalder er det einaste moglege. At det ikkje finst alternativ til kapitalisme og neo-liberalistiske verdiar. Fysj!
Eg kom over ein fabelaktig artikkel i Morgenbladet av filosof Arne Johan Vetlesen. Absolutt fabelaktig. Han set ord på mange av dei tankane som svirrar rundt i hovudet mitt. Om demokrati, utvikling, valg i Sør-Afrika, valg i Noreg. Vennskap, samhald. Alle valga vi står ovanfor, unge som eldre, valga som riv oss i fillebitar (men så går det bra etterpå, når vi berre har teke valga). Presset vi står ovanfor i samfunna våre - det presset som vi vel eigentleg som oftast legg på oss sjølve. Alle sjukemeldingane, depresjonane, alt stresset. Kjedsomheita. Dagane som blir kortare og kortare. Våre velståande liv som aldri er perfekte nok. Alle desse elementa er sterke symtom på ei verd som er på vei i totalt feil retning.
For eit meir vitskapleg og filosofisk blikk på "fridomens tidsalder" enn mine kaotiske tankar, ta ein titt på Vetlesen sine artiklar. Her er eit lite utdrag:
Ha ei herleg helg!

"Frihetens forvandling: Det handler om hvordan vi på knappe tre tiår fikk en historisk helt ny frihetsforståelse som vi har gjort til vårt samfunns høyeste verdi.
– På forbløffende kort tid har betydningen av å tilhøre en tradisjon eller av å komme fra et bestemt sted blitt kraftig redusert. Ingen svar overdras lenger fra forfedre eller oppvekstmiljø. Det er nå opp til hver enkelt å realisere seg selv gjennom suverene valg. Vi kan heller ikke forklare valgene ved å vise til autoriteter utenfor oss selv. Det forventes at alt skal begrunnes via jeget, sier Vetlesen.
Hva er det genuint nye ved denne frihetsideen?
– Først og fremst at den er grenseløs og løsrevet fra andre verdier. Den nye friheten er organisert på en måte som ikke tar høyde for at valgene våre får konsekvenser langt ut over oss selv."
Og lærdomen til meg sjølv på ein fredagskveld: No må du la haudet kvile! :) Og ikveld skal faktisk haudet mitt få kvile; Eg skal ut med herlege venar, 6 rettars gourmet og svømme i god vin, yay! Betyr det at eg òg har blitt ein hyper-materialistisk ignorant dust? Nei-nei-nei - god mat og drikke tel ikkje som materialistisk idioti! ;)
Ha ei herleg helg!
2 comments:
Camilla: takk!
love martine
Du e veldi flink til å skrive!!
Post a Comment