Sunday, 24 August 2008

dagane...


ein gong kom kjærteiken heilt av seg sjølv
og kvar dag den var av sølv,
for du gylte kvar ein augneblink med hugen fri
og blenda var eg med på reisa di

dagar som sand ut av hendene renn
om du tvilar, ja, så kjenn
den eine som den andre ut i vinden fer,

og tida som me har den reiser der

lov meg å vera hjå meg all din dag
ja, det lova me i lag
så gav eg deg ein ring, ja det var lettvint gjort
så luskar og den dagen stille bort

så langt
så langt
så som vinden greier å jaga bylgjene blå
der skal eg fylgje de, min venn
der skal me finne dei igjen

og ute luskar styggen
og skiljer deg frå meg
og visste me, så hadde me
nok kome oss i veg
og eg ha' bore deg på armen
gjennom skog og over fjell
og du ha' halde meg i handa
gjennom juv og myrke gjel
og eg ha' strekt meg etter deg
og du ha' strekt deg etter meg

så langt
så langt
så langt som sola greier å fylgje bylgjene blå
der skal eg fylgje deg, min venn
der ska me finne dei igjen

(av odd nordstoga)

1 comment:

Anonymous said...

Tenk at du er så langt sør på jordskorpa, og så lengtar du så langt mot nord......