"Her ser vi George W. Bush. Han har nettopp vakna og ser seg rundt med eit påtakeleg overraska uttrykk i auga, han forstår rett og slett ikkje kvar han er, for rundt senga hans er det heilt mørkt, den smale senga hans med kvitt sengetøy strekker seg langt framover, kanskje tjue meter framover, som ein molo som smalnar ut i havet, George W. Bush set seg opp i senga og virrar med hovudet, han løftar på dyna si og ser at han ligg med ei lita lefse av ei bok mellom beina, han tek den opp og ser på den: Golf Can't be this Simple, står det, og han hugsar det brått, ja, denne las han jo i før han sovna, han skal jo ut å spele golf mot far sin i dag, men no ser det ut som om han har hamna på ein plass han ikkje veit kvar er, han reiser seg og byrjar gå bortover sengemoloen, og han ser så skrøpeleg ut, brått, der han går i flanellspyjamasen sin med eit litt vaktsamt kroppspråk, what in God's name is this, tenker han (for han tenker naturlegvis på amerikansk) når han kjem fram til enden av moloen: for ned frå sengekanten går det ei trapp, ei smijarnstrapp rett ned: well I don't have a choice, do I, seier Bush og byrjar klatre nedover. Plutseleg ser han at det renn glødane lava på alle kantar, det berre kom fossande, som eit sceneteppe frå alle kantar, og han ser at han sjølv går som ei slags trakt nedover og nedover: han ser ned, han ser grønt gras der nede og kjenner at han blir letta, for no byrja han å lure kraftig, eit par sekund, på kvar det var han var på veg, men grønt gras er bra, det er ikkje grønt gras i helvete, og di nærmare han kjem, di meir går det opp for han kvar han er, og det er som om han blir fylt, sakte, av ei slags indre ro, for graset strekker seg utover og utover, kan han sjå, til endelause sletter, I see the valley of peace below, tenker Bush, of peace, akkurat dette, of peace, fyller han med ein slags audmjukskap, som om heile han er berre varme tårer, han trakkar ned på graset og forstår: han er i verdas inste, i jordklodens midte, og han kjenner seg fylt av ein fred han nesten ikkje trudde var mogleg å kjenne, den berre renn ut i kvar minste atom av kroppen hans, it's almost as if I could float, tenker Bush, what if, tenker han og prøver å legge seg bakover med hendene ut, som i vatn, og sanneleg: når han løftar beina, så flyt han! What the heck, I'm floating! ropar Bush, og så vaknar han og ser at han slett ikkje er i jordas midte, han er slett ikkje flytande, han er i den vanlege senga si, i det store kvite huset, og han har truleg daska kona si, den vesle, kvite kona si, i ansiktet då han strekte armane ut, men utan at ho vakna, heldigvis, ho ligg ved sida hans og søv. Han stryk seg over panna, for dette var den mest utrulege draumen han nokosinne har hatt. Han ser bort på nattbordet, på Golf Can't be this Simple, som han har fått i gåve frå kona si, og tek i den som om den var eit objekt han ikkje har sett før, eit draumeobjekt som kan gi han uante opplevingar."
Frå Gunnhild Øyehaug si bok
Vente, Blinke: Eit perfekt bilete av eit personleg indre (2008)
Vente, Blinke: Eit perfekt bilete av eit personleg indre (2008)
Fantastisk! Ej flira så ej grine! :)












